Kollisjonen skal ha skjedd i krysset mellom riksveg 15 og fylkesveg 2652 Bråtåvegen ved Bruvoll i Skjåk, rett etter klokka 17.30 torsdag ettermiddag.

Både ambulanse og Lom og Skjåk brannvesen rykka ut til hendinga.

Brannsjef Atle Festervoll fortel til Fjuken at det var to bilar involvert i kollisjonen.

– I den eine bilen var det tre personar, medan det i den andre bilen var berre éin person. Det såg ut til å ha gått bra med personane. Ambulansepersonellet tok seg av dei involverte. Det vart nemnd at éin var skadd, men dette har ikkje eg oversikt over og kan ikkje stadfeste. Når det gjeld materielle skader var ikkje desse så store, seier Festervoll, som var på staden.

Etter det Fjuken kjenner til hadde ikkje politiet ressursar til å rykke ut til ulykka i Skjåk. Det har ikkje lykkast Fjuken å koma i kontakt med operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt om ulykka.

Rett før klokka 16 vart det meldt om ei trafikkulykke på fylkesveg 51 ved Øvre Sjodalsvatnet i Vågå.