Riksvegen vart stengt natt til tysdag, etter at det gjekk eit jordras ved Øihusom mellom Lalm og Otta.

Geolog vart sendt til området for å vurdere situasjonen.

Tysdag ettermiddag opplyser vegtrafikksentralen i Statens vegvesen at riksvegen er open for normal trafikk att.