Fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen blir stengd mellom Heillstugu-bommen og fylkesgrensa frå klokka 8 måndag morgon.

Det melder Innlandet fylkeskommune.

Den gamle grusvegen mellom Grotli og Stryn blir førebels stengd fram til onsdag.

Årsaka til stenginga er det kraftige regnvêret som er venta måndag og tysdag. Den gamle grusvegen er smal og kan fort bli vanskeleg å ta seg fram på i slikt vêr, opplyser fylkeskommunen.

– Vegen er i dårleg stand etter det førre regnvêret og kan fort bli uframkommeleg når det kjem så mykje regn som det er varsla nå. I og med at vegen er svært smal fleire stader, kan det fort bli utrygt å køyre der, seier byggeleiar Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune.

Fylkesvegen blir stengd ved sommarskisenteret i Stryn og ved Heillstuguvatnet sørvest for Grotli.

Det er venta at fleire vegar i Innlandet kan bli heilt eller delvis stengde dei neste dagane, i samband med det varsla ekstremvêret «Hans».