Alle naudetatar har rykka ut etter at ein fotgjengar vart påkøyrd av ein bil på riksveg 15 i Skjåk fredag ettermiddag.

– Ulykka har skjedd rett vest for Nysætra, seier operasjonsleiar Frode Øvreås i Innlandet politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka rett før klokka 15 fredag.

I fylgje operasjonsleiaren er det personskade.

– Det er ein lege på staden, så pasient får behandling, seier Øvreås.

– Kva skader er det prat om?

– Eg har ikkje grunnlag for å karakterisere det nå. Alle naudetatar har rykka ut, seier operasjonsleiaren til Fjuken ved 15-tida.

Oppdatering og presisering i denne saka: