av Jan Erik Grundtjernlien, avdelingsdirektør i NAV

Vi er difor glade for at barneombodet har merksemd om barns rettar når foreldra er i kontakt med NAV. Vi opplever å ha eit godt samarbeid med barneombodet, også når vi no lagar ein rettleiar om korleis NAV skal ta hand om barneperspektivet. Rettleiinga skal omfatta både sosialtenesteområdet og den statlege forvaltninga.

Vi har gitt føringar om at viss ein tenestemottakar har barn, skal det tas særlege omsyn til deira behov i alle vurderingane som blir gjort. Barn og unge skal vera sikra ein trygg oppvekst og kunne delta i alminnelege skole- og fritidsaktivitetar, uavhengig av om foreldra har ein vanskeleg økonomi. Viktigheita av det er mellom anna formidla i brev til alle kommunane i landet.

Som fagdirektorat fylgjer vi med på det landsomfattande tilsynet om ivaretaking av barns behov når familien søkjer om økonomisk sosialhjelp hjå NAV-kontora. Vi ser fram til når tilsynet er ferdig og samlerapporten føreligg, men dei rapportane som har kome til no bekymrar oss.

Mange av kommunane får lovbrot etter tilsynet, mellom anna fordi dei ikkje kartlegg barnas situasjon godt nok. Da vert òg grunnlaget for vidare vurderingar for svakt. Det vert gjort mykje bra arbeid med barnefamiliar ute hjå NAV-kontora. Fleire kontor har dedikerte fagpersonar eller fagmiljø som arbeider med barnefamiliar, men rapportane tyder på at det må bli enda betre og meir systematisk.

Vi har tillit til at dei aktuelle kommunane tek ansvar for å lukka avvika i dialog med statsforvaltarane i fylka.

Arbeidet med å styrka barneperspektivet i NAV er viktig i arbeidet vårt og skal fortsette å vera det. Vi delar barneombodets synspunkt på viktigheita av nettopp dette, for å sikra at vi gjennom samfunnsoppdraget bidreg til gode oppvekstvilkår for barn og unge.