av Barneombod Inga Bejer Engh

Kommunen skal gi barnefamiliar god og rett hjelp på tvers av tenester som skule, helse, barnevern og NAV. Dette er essensen av barnevernsreforma som tredde i kraft i fjor sommar. Gjennom tidleg innsats skal kommunen leggje til rette for at barn får ein god oppvekst, framfor å seinare måtte reparere med dyre barnevernstiltak.

NAV har gjennom samfunnsoppdraget sitt ei viktig rolle i å sørgje for at dette lykkast. For barnefamiliar kan døra inn til Nav-kontoret bli ein portopnar til andre hjelpetenester. Men då må NAV skaffe seg oversikt over det faktiske behovet til barna og foreldra. Derfor er det så viktig at barneperspektivet i NAV no blir gitt eit etterlengta løft.

Helsetilsynet og Riksrevisjonen har tidlegare ropt varsko om at Nav-kontora ikkje kartlegg barns behov godt nok når barnefamiliar søkjer om sosialhjelp. I 2012 vart det påvist saksbehandlingsfeil i 9 av 10 kommunar det vart ført tilsyn med.

Ti år etter er me like langt.

I tilsynet som går no føre seg er det førebels avdekt lovbrot i 31 av 35 kommunar. Frå Harstad i nord til Lindesnes i sør, sviktar Nav-kontora i si kartlegging og vurdering av barns behov og livssituasjon. Dette skjer samtidig som delen av sosialhjelpsmottakarar aukar.

For meg er det eit paradoks at NAV, som berebjelken i velferdsstaten, ikkje klarer å identifisere barns behov godt nok. Barn har ein grunnlovfesta rett til økonomisk og sosial tryggleik. Lova seier dessutan at ved alle handlingar og avgjerder som vedkjem barn, skal det beste for barnet vere eit grunnleggjande omsyn. NAV må som resten av forvaltninga følgja desse reglane.

Når ein familie kjem i den prekære situasjonen at dei må be om sosialhjelp, må NAV identifisere kva behov barna har. Mange Nav-tilsette gjer ein iherdig innsats for å gjere dette i dag. Men det er store variasjonar frå kontor til kontor i kor grundige vurderingane er.

NAV er i posisjon til å gå breitt ut og undersøkja kva utfordringar låginntekt fører til for kvar enkelt barnefamilie. Men Nav-tilsette melder at dei manglar rettleiing om korleis dei skal gjere ei systematisk kartlegging og vurdere kva som er til det beste for barna.

Viss det faktiske behovet til barna ikkje kjem tydeleg nok fram, risikerer me ikkje berre at barna får behov for meir omfattande hjelp seinare, men også at Navs tiltak blir mindre treffsikre og at tida til foreldra som sosialhjelpsmottakarar blir forlengd.

Staten har valt å delegere sentrale velferdsoppgåver til kommunane. Då må staten også vere ansvarsmedvitne og setje i verk nødvendige tiltak for å sørgje for at barns rettar blir oppfylte. Barneombodet har foreslått at Arbeids- og velferdsdirektoratet lagar ein rettleiar om korleis NAV skal vareta barneperspektivet i saksbehandlinga si. Derfor er det veldig positivt at dei no er i prosess med å utarbeide dette.

Medan me ventar på rettleiaren, håpar eg at Nav-tilsette i alle kommunar vil spørje foreldra om korleis livet til barna deira er, behova og livssituasjonen deira, og kva barna sjølv meiner dei treng. Det vil ta meir tid, men tidleg innsats og samarbeid på tvers er ikkje gjort i ei handvending. Det er uansett billegare og meir effektiv bruk av ressursar enn at fattigdom går i arv.