av Bjørg Aaseng Vole, varaordførarkandidat Vågå Ap

Vågåpakka er eit samlebegrep for det Vågå Arbeiderparti vil arbeide for i neste kommunestyreperiode.

Vi lever i ei tid der prisauke innan mange område fører til at mange opplever ein stram økonomi.

Særleg gjeld dette mange barnefamiliar. Dette skaper ein situasjon der fleire ikkje ser seg i stand til å la barna delta i fritidsaktivitet fordi det kostar for mykje. Det er stussleg å høyre om barn som ikkje kan delta i handball eller fotball eller andre ting fordi foreldra ikkje har råd, og det er vondt å høyre at ei avslutning på kulturskulen, eller eit 17.mai arrangement også skal koste såpass at folk reagerer.

Vi er i ferd med å få ein situasjon som fort kan føre til eit utanforskap alt frå barneskulealder. Og nettopp utanforskap er ei av dagens store utfordringar vidare i livet, med tanke på fullføring av vidaregåande skule og inn i arbeidslivet. Slik utanforskap kostar samfunnet store pengar, og det vil vera klokt både menneskeleg og økonomisk å satse på førebyggjande tiltak.

Det er ein sosialdemokratisk grunntanke å arbeide for å utjamne forskjellar, og gje alle like moglegheiter. Dette har Arbeiderpartiet arbeidd for i alle år, men vi er fortsatt ikkje ferdige!

Det må leggjast til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge.  Det kan vi gjera ved å ha gode arenaer for skule og fritid, der ein også ser på kostnadsnivået for den enkelte.

Vi meiner at Vågå har eit økonomisk handlingsrom til å gjera noko, om det er politisk vilje.

Vågå Arbeiderparti ynskjer å sjå på tiltak som i sum kan gje den enkelte barnefamilie eit breitt og godt tilbod, der økomien ikkje er avgjerande for deltaking.

Dette gjeld

-satsar for barnehage og SFO

-kostnader med å delta i kulturskulen

-kostnader med å delta i idrettslag og liknande organisasjonar

-ordning med gratis mat i skulen

-gratis leksehjelp i skulen

-eit godt tilbod på Aktivitetshuset