Eg kjenner meg ikkje att i omtala av bubilturistane i Ottadalen. Bubilane forureinar: “Desse turistane grisar til i form av søppel og avføring.” Har Gudrun Ramstad og Livia Sauter vore inne i ein bubil? Der er det både bad og toalett. Å tømme desse i naturen er ulovleg. Det er laga tømmeplassar blant anna på Esso i Lom. Eg er einig i at det burde vore laga fleire toalettanlegg med parkeringsmoglegheiter, f.eks. ved ysteriet. Dette er viktig for alle vegfarande.

Vi har ei aukande gruppe turistar no som eg vil kalla BU-I-BILEN-turistar. Dette er ofte ungdom som innreiar ein liten buss/bil med soveplassar, eller har telt, kanskje på biltaket. Desse må vi og taka hand om på ein god måte. Mange av desse opplever kanskje Noreg for fyrste gong. Det er stor sjanse for at desse vil koma tilbake. I neste omgang vil dei kanskje leige seg inn hos utleigarar. Eg har drive utleige i samband med gardsdrifta sidan 1996, og har sett ei viss utvikling. Noko av det fyrste turistane spør om når dei kjem til gards, er kvar det er butikk og opningstidene. Før var det nok vanlegare med matvarer frå heimlandet, noko eg har erfart gjennom avfallshandtering.

Foto: Kari Margot Odnes