av Mari Arnøygard Wedum og Marit Tangvik, Visit Jotunheimen

Ynskjer vi oss eit levande bygdesamfunn, treng vi dei unge og lovande på ein lokal skulebenk! Dei som er vakse opp på bygda, og som har fått historia, tradisjonane og kulturen inn med morsmjølka, og som tek med seg desse verdiane vidare i livet. Dei som er vår viktigaste investering i framtida.

Om den lokale ungdommen ikkje har ein skule å gå på, forsvinn dei ut frå bygda. Til ein hybel i byen. Og fyller skulesekken med nye urbane inntrykk. Kva om dei mistar kjensla av bygdetilhøyre på vegen– og ikkje kjem heim att?

Attende står ei bygd beståande av enkeltbedrifter, som til saman utgjer eit betydeleg reisemål i fjellnorge – så avhengig av lokal ungdom - utan tilgang på lokal arbeidskraft.

Slik kan det altså gå dersom vi får ein framtidig sentralisert skulestruktur i Innlandet - som slettes ikkje er ein skule for framtida på bygda. Den vidaregåande skulen i Lom kan skilte med gode elevresultat, høg grad av fullført studietid og særs lågt fråvær. Trass i dette står Lom som skulestad nok ein gong i fare for å bli avvikla.

Om desse elevane forsvinn, forsvinn bygdegullet – sjølve framtidskapitalen vår.

Atmosfære, gjestfriheit, vertskap, historie, kultur, tradisjon og autentisitet. Dette er blant orda som går att, når vi spør våre g jester kva dei likar best med Lom. Når dei kjem hit på besøk, er det altså ikkje «berre» for å oppleve utsikt til høge fjell og flott natur. Dei kjem for å oppleve kulturen og folka. Dei treff på ungdommen som er vakse opp her, og som nå leiar turen til Norges tak – slik familien har gjort gjennom fleire generasjonar. Dei treff ungdom som serverer fjellaure til middag, og stolt formidlar historia om da dei som barn var med bestefar på fisketur og drog opp sprellande auregarn. Dei treff ungdom som ynskjer velkomen på brei dialekt og med enda breiare smil. Dei som sikrar ivrige klatrarar i aktivitetsparken i sentrum, og dei som entusiastisk kan fortelje om alt du kan sjå og oppleve i og kring Lom.

Truverdet i desse historiene kjem ikkje av innøvde frasar, men av livsrøynsle. Eit direkte resultat av å vekse opp i ei bygd omkransa av solide, familieeigde bedrifter, tufta på lokalt eigarskap og samhald. Der det å ivareta kulturen og tradisjonane sit i ryggmargen. Reiselivsbedriftene og folka i bedriftene er gode forbilete for ungdommane, som kan fylle «livets skulesekk» med gode verdiar og ektefølt stoltheit over kvar dei kjem frå! Dei har sett kva moglegheit bygda kan gje.

Om desse unge lovande kan få fullføre skuleløpet «heime», er sjansa truleg større for vi får behalde dei i bygda. Sjansa er større for at dei vender attende med viktig kompetanse seinare i livet. Sjansa er større for at bygdestoltheita deira står sterkt òg i framtida, og at kultur og tradisjonar blir bevart. Og at dei blir ein verande ressurs i den levande bygda dei vaks opp i.

Marit Tangvik og Mari Arnøygard Wedum Foto: Solfure