av Anne Wangen, Juvasshytta

På ein solfylt vårdag var eg så heldig å sitje for meg sjølv på Vesle Galdhøpiggen etter skitur over Styggebrean. Det var klar blå himmel og vindstille. Majestetiske fjell, kvite brear og snøkledde toppar i alle retningar.

Eg kunne ha vore her for 2000 år sidan og sett det same, og er glad for at neste generasjon i familien òg har fått – og får - denne opplevinga. Det må vere den enklaste måte å forklare berekraft på. Men samstundes den mest krevjande. For det er dette gjestane som besøker vår destinasjon seier er noko av det mest attraktive.

Meisterkokk Arne Brimi gjev eit godt bilete på det når han beskriv smaken av rein vi serverer ved matbordet vårt. Det er ursmaken av det norske kjøtet.

Fordi reinen beiter i dei same områda som for 2000 år sidan, og et akkurat den same maten som den gong da.

I fleire generasjonar har fjellturistar og reisande gjestar kjent på slit, variabelt vêr og sult, etterfylgt av glede og meistring. Gleda over å kome fram til hytta, hotellet med gode senger, mat og vertskap.

Kjerneverksemda for reiselivet i Lom er nettopp mat, gode senger og opplevingar i storslått, krevjande og vakker fjellnatur.

I generasjonar har reiselivet utvikla seg steg for steg ved hjelp frå lokale kokkar, erfarne fjellguidar og ungdom som vil jobbe i feriar og på fritida.

Den vidaregåande skulen i Lom, ungdommen i bygdene våre, er den viktigaste kapitalen vi har.

Ikkje berre som sommar- og feriehjelp på turisthytter og hotell, men som aktive leiarar for dei yngre innan idrett- og kulturtilbod. Friluftslivsfaga på skulen har gjeve aspirantar til guidar i fjellheimen, med fokus på både kursverksemd, jakt og fiske, breføring og fjellklatring – både sommar og vinter.

Ved å vekse opp med slike naturgjevne moglegheiter kring seg, tileignar elevane seg særleg god lokalkunnskap om attraktive turmål i høgfjellsterreng, dei har tilgang på brekurs og utandørs eigenopplevingar gjennom hele året. I Lom har vi dessutan eit mangfald av bedrifter som bidreg til å gje elevane eit unikt utviklingstilbod. Vi har Norsk fjellsenter med høg kompetanse på fjellredning, Lom steinsenter, fjellredningsgrupper – og ikkje minst serveringsbedrifter av høg kvalitet, som gjerne tek inn lærlingar.Erfarne guidar sørger for den vidare opplæringa, slik at kulturen blir halde ved like. Reiselivet kan dessutan garantere vidaregåande-elevar både sommarjobb og helgejobb. Sesongen er stutt og hektisk, og mange av ungdommane arbeidar vidare i same bedrift òg under studietida, fram til dei er ferdig utdanna. Dette gir bedriftene ei god og stabil grunnstamme av arbeidsfolk som er særdeles viktig både på kjøkken, i matsalen, på romma, i resepsjonen eller ute på tur!

Vi treng denne aldersgruppa i bygda vår. Dessutan er Lom ein vidaregåande skule som kan vise til gode elevresultat, høg grad av fullført studietid - og eit godt læringsmiljø.

Skulen er òg ein kompetansearbeidsplass som lokalsamfunnet nyter godt av i kvardagen.

Gjennom byggfaga, er det utvikla kunnskap og erfaring med lafting og vedlikehald av tømmerbygnader. Ein kunnskap som var i ferd med å forsvinne. Nå blir det utdanna tømrarar som beherskar faget – og ikkje minst; vidarefører det.

Bedrifter med spesialkompetansen har òg etablert seg ut frå den lokale etterspurnaden. Dette er distriktspolitikk.

Vil vi ha folk i bygdene? Vil vi at folk skal flytte hit? Da bør skulegang til og med vidaregåande vere det fyrste vi sikrar og seier ja til!