av Solveig Bræk

Hurra for innlegg av Morten Kielland!

Bra at oss får denne vollen, men det kan greie seg med ein enkel ein. 65 ljosmaster? Makan til sløsing med innbyggarane sine pengar!

Det kan kanskje vera ei mast der vollen byrjar og sluttar. Dei som går tur, f.eks. bismorunda etter at myrkret har kome, kan bruke hugulykt! Det gjer dei nå. Det går fint for dei i rullestol og.

Nei, kommunen har vel anna å bruke 1,3 mill på?

Og så var det Dagsturhytta da. Ho treng ikkje vera ein plass ved vollen for der er det nesten ny gapahuk som Bismo Vel har sett opp. Han er så fin! Fin plass for hytta er Bångråttjønna! Der kan du bade og kose deg, og fint for handikappa.

Takk for meg!