Av Elias Sperstad, leiar i Hovudutvalet for miljø- og samfunnsutvikling

I eit lesarinnlegg i Fjuken 13. mars stiller leiar i Grotli Hytteforeining og Veglag Tormod Hvattum spørsmål om politikarane i Skjåk ynskjer hytteeigarane i Skjåk velkomne. Det bør ikkje vera tvil om anna; hytteeigarane er velkomne.

Bakgrunn for spørsmålet frå Hvattum er ein søknad om å nytte trakkemaskin til å fjerne snø frå ei hytte, og planering av tre hyttevegar. Som det blir understreka i søknaden er det i år store snømengder, med fare for at dette kan føre til skade på hytter og vanskeleg tilgjenge.

Vi veit at snøforholda kan endre seg raskt på fjellet, og at det kan vera nødvendig å få løyve raskt, særleg med tanke for å hindre skade på hytte. Derfor valde Hovudutvalet for Miljø og samfunnsutvikling å leggje inn eit ekstra møte for å behandle saka raskt, også med bakgrunn i at vi veit at det er fleire liknande søknader i løypa. Utvalet gjorde derfor vedtak om å delegere til kommunedirektøren å behandle slike søknader, for nettopp å få ei raskast muleg avgjerd.

Ved politisk behandling kan det gå både ein månad og meir før søknaden blir behandla, da hovudutvalet i snitt har eitt møte i månaden, med unntak av sommarferien. Om ein kan like det eller ei, ligg det som regel eit lovverk i botnen for politiske vedtak som det må takast omsyn til. Kort oppsummert inneber vedtaket at det delegerast til kommunedirektøren å behandle søknader for bruk av trakkemaskin for innverande kommunestyreperiode. I vedtaket blir det elles understreka at søknaden blir dokumentert med bilde. Dette kan ordnast gjennom til dømes Tor Bruland i Skjåk Hytteservice, slik Hvattum referer til i ein e-post til kommunen.