Lesarane i Fjuken er godt kjende med namnet Kari Anne Skjaak. I 2003, 26 år gamal, vart ho valt inn i kommunestyret i Skjåk for Senterpartiet. Ho var eit friskt pust i lokalpolitikken.

– Eg var svært samfunnsengasjert og vart glad da eg kom inn i kommunestyret. Eg såg på det som ei stor ære, ei tillitserklæring frå bygdafolket. Men eg forstod tidleg at det ikkje var så enkelt å stå på for det eg meinte var rett, seier Kari Anne Skjaak.

Men det gjorde ho. Kari Anne Skjaak var ikkje alltid einig med eigne partikollegaer og eiga partileiing – eller kommuneleiing - og det sa ho frå om. Ofte.

Konsekvensar

– At eg sa det eg meinte, fekk konsekvensar. Eg var nok ikkje slik som leiinga i partiet trudde. Eg var ung, eg var kvinne, eg var annleis. Eg gjekk til og med i skjørt somme gonger, hadde høge hælar, sminka meg. Kvifor skulle eg bli teke alvorleg? Eg meinte – og meiner – at vi i lokalpolitikken må kunne lausrive oss litt frå det partiet, og partileiinga, bestemmer. Vi må sjølvsagt kunne stille oss bak partiprogrammet, men elles er det ein del enkeltsaker der vi må kunne kome med meiningane våre uavhengig av om partileiinga er samde eller ei. Vi må tenkje sjølve, for om ikkje vil alt bli bestemt av ei lita gruppe menneske, gjerne politikarar som sit i posisjonar fordi dei «har fortent det», det vil seia at dei har vore lojale og har vore med i mange år. Eg tenkjer at lokalsamfunna våre treng nytenkjing, kreativitet og nye innfallsvinklar. Det får vi ikkje dersom vi skal halde fram slik vi alltid har gjort – og meine det vi alltid har meint. Derfor er eg oppteken av at vi må få fleire kvinner og ikkje minst ungdomar med i lokalpolitikken, og derfor stiller eg opp for å fortelja om mi erfaring frå dei åra eg var med.

Erfaringane Kari Anne Skjaak sit med er mange. Mykje av det ynskjer ho ikkje å prate om i lokalavisa.

Patriarkalsk system

– Det eg vil fokusere på er det mannsdominerte, patriarkalske systemet: Ein skulle ha gjort seg fortent til plassen, ein skulle ha vore med lenge og ein skulle vera einig i det dei som bestemte hadde bestemt. Om ikkje, var det alt anna enn populært. Da vart du ein fiende av systemet.

Etter fire år i kommunestyret, der Kari Anne Skjaak argumenterte og meinte sitt, var det klart for eit nytt val. Senterpartiet i Skjåk stilte med ei ukumulert liste, berre ordføraren på topp var kumulert.

Setteordførar

– Eg stod noko nede på lista, men eg fekk positivt sjokk da det synte seg at eg fekk enormt mange personstemmer. Berre ordførarkandidaten fekk fleire. Dermed segla eg rett inn i formannskapet og vart òg setteordførar, sjølv om enkelte ikkje la skjul på at dei ikkje tykte noko om akkurat det. Eg heldt fram med det eg meinte var rett. I fleire saker vart vedtak fatta mot mi røyst, nokre gonger var eg åleine om å røyste mot, andre gonger var det folk frå anten Sp, Ap eller Bygdalista som også røysta mot. I dei aller fleste sakene røysta eg med fleirtalet, men når eg meinte at det var grunn til å seie frå, så sa eg frå og røysta mot. Det var jo det bygdafolket hadde stemt meg inn for å gjera, seier Kari Anne Skjaak, som slår fast at det syner seg, i ettertid, at ho faktisk hadde rett i ein god del av sakene der ho røysta mot fleirtalet.

– Eg vil ikkje seie «kva var det eg sa», men eg har lyst til å seie at eg kanskje greidde å vera realistisk i ein del saker, at eg sa frå om kva eg meinte ikkje ville gagne oss.

Kosta for mykje

Å vera ærleg og tru mot seg sjølv og det ho stod for kosta etter kvart for mykje. Presset vart større og større.

– Eg vil presisere at eg fekk mykje støtte òg, både frå partikollegaer og ikkje minst frå bygdafolket. Men frå partileiinga var det verre. Til slutt greidde eg ikkje meir, og eg såg meg nøydd til å søkje om permisjon frå alle politiske verv. Eg «skulda på» at eg skulle studere, men sanninga var at det hadde kosta meg for mykje å seia det eg meinte og å vera lojal overfor dei som hadde stemt meg inn. Ofte gjekk dette på tvers av det partileiinga meinte, og det kosta mykje for meg. På den eine sida ville eg vere ærleg, seie det eg meinte og det eg visste at mange støtta meg på. På den andre sida visste eg ofte at dette ikkje ville falle i god jord hjå partileiinga. Eg streva, hadde det ikkje godt.

På banen att

I 2010, medan ho framleis hadde permisjon, kom ho på banen att.

– Eg greidde ikkje å halde meg. I avisene var det mykje fokus på det dårlege samarbeidet mellom Lom og Skjåk, og det var mange som meinte mykje om dette. Eg skreiv eit lesarbrev og fekk ned på papiret akkurat det eg meinte. I lesarinnlegget gjekk eg gjennom partiprogrammet til Skjåk Sp og synte til alle dei punkta dei hadde programfesta saman med Lom Sp, punkt som gjekk på felles forståing og samarbeid. At Lom og Skjåk skal samarbeide godt og finne felles løysingar har alltid vore ein av dei viktigaste hjartesakene mine, men frå Skjåk si side var det inga god stemning i høve akkurat det. Det vart sagt mykje stygt om Lom i politiske møte. Det vart sagt i opne møte òg, til og med med pressa til stades. Da vart det sagt slikt som «dette må vi halde internt» og «ikkje sei det til nokon». Dei negative ytringane om Lom irriterte meg, det forsura forholdet mellom Lom og Skjåk svært mykje. I lesarbrevet skreiv eg akkurat det eg meinte, og etter ei stund kom reaksjonen på eit vis eg ikkje hadde rekna med.

Rykte

– Plutseleg gjekk det eit rykte på bygda som var både usant og alvorleg for meg. Eg vil ikkje kome inn på innhaldet i dette, men det synte seg at politikarar i partiet var med på å spreie ryktet. Ryktet var stygt, det stilte meg i dårleg ljos og det stilte meiningane mine i eit dårleg ljos. Eg følte sjølv at eg vart utsett for ei rein latterleggjering. Av alt eg har opplevd i lokalpolitikken, tykte eg dette var det mest utspekulerte, fortel Skjaak.

– Eg angrar på at eg ikkje hadde krefter til å ta ryktet ved rota den gongen. Samstundes er eg på ingen måte bitter etter tida mi i politikken, hensikta mi med å fortelje nå er å få fram usunne sider som vi bør kvitte oss med. Eg tenkjer at vi alle har eit ansvar når vi blir valt inn i politiske fora, og eg tok kanskje ansvar på ein måte som ikkje så mange i partiet forventa. Det kan vera nokon som er bitre på meg, for eg var sikkert ikkje enkel. Det har eg full forståing for. Eg forstår godt at mange såg på meg som travaleg og kontroversiell, fordi eg utfordra ein del av det dei var ”vande” med. Frå sentralt hald i Sp fekk eg forresten beskjed om at eg kunne hatt ei framtid i partiet, men det trur eg kanskje ikkje alle i lokalpartiet var like samde i, ler Kari Anne Skjaak.

Må punktere systemet

Å engasjere seg på nytt i lokalpolitikken kjem ho truleg ikkje til å gjera.

– Eg trur ikkje eg har lyst til å stille att, men eg er svært oppteken av at andre skal gjera det. Vi må ha mot til å «punktere» det patriarkalske systemet, for det er ikkje sunt for eit så lite miljø som Skjåk at alt skal bestemmast av ei lita gruppe der alle er einige. Kva er farleg med å få inn nye tankar, unge krefter, andre meiningar? Dersom vi ser på folketalsnedgangen og at økonomien blir stadig strammare: Er det fornuftig å meine det vi alltid har meint og halde fram slik vi alltid har gjort – og samstundes tru at utviklinga plutseleg skal endre seg?