Fjuken har teke teke ei ringerunde til både nåverande og tidlegare kvinnelege politikarar i Ottadalen. Har dei sjølve vore utsette for hersketeknikkar og ekstra utfordringar knytt til at dei er kvinner? Vi er overraska over omfanget, og glade for at så mange vil stille opp og fortelja om eigne erfaringar. Dette er derfor fyrste del av ein serie om temaet.

– Vi er opptekne av at fleire kvinner engasjerer seg politisk, at dei er med i viktige beslutningsfora. Det er sjølvsagt viktig å peike på det som er bra, men det er òg viktig å få fram kva som ikkje er det. Det er over 100 år sidan kvinner fekk stemmerett, men framleis finst det haldningar som fortel oss at vi har ein veg å gå saman. Desse haldningane må koma fram i ljoset, vi må prate om det, seier vågåordførar Iselin Vistekleiven og Mai Bakken frå Lom, tidlegare formannskaps- og kommunestyremedlem, varaordførar, leiar i Bygdalista og Lomslista.

For å få god dynamikk i samfunnet må ein ha både mannlege og kvinnelege politikarar, meiner dei to – og i ulik alder. Unge og eldre.

– Ungdomen er viktige for all utvikling. Vi vaksne er ofte meir byråkratiske, medan ungdomen har spennande tankar i høve korleis oppgåver skal løysast. Dei er gjerne meir «rett på».

Iselin Vistekleiven og Mai Bakken har båe opplevd mykje opp gjennom åra. Somme ting vil dei prate om, andre tema vil dei la liggje. Dei to er meir opptekne av strukturar som har bygt seg opp over tid, som det er vanskeleg å rokke ved.

Det som har gjort størst inntrykk på Mai Bakken er det som skjedde i høve kommunevalet i 2011. Ho sa ja til å vera ordførarkandidat for Bygdalista, etter ein lang nominasjonsprosess.

– Eg tykte det var spennande, eg var svært motivert og kjende meg trygg på at eg hadde folk i ryggen. Da det nærma seg det offisielle nominasjonsmøtet, fekk eg ei kjensle av at det var noko på gang, utan at eg greidde å setja fingeren på kva det var. Eg skjønte med ein gong kva det var da det kom svært mange på nominasjonsmøtet, folk eg aldri hadde sett på som støttespelarar i Bygdalista. Da skjønte eg at dei var der for å kaste meg.

Ho hadde rett. Mai Bakken heldt fyrst ei lita innleiing om kva ho tenkte som ordførarkandidat, kva ho hadde gjort, kva Bygdalista hadde fått til og kva dei skulle stå for. Under heile innlegget hadde ho ein vond klump i magen. Og så kom det. Dei som så overraskande hadde kome på møtet, tok ordet og la fram eit forslag som ei samla gruppering: Dei lanserte Kristian Frisvold som ordførarkandidat. Dei hadde mobilisert og mange hadde møtt opp. Derfor fekk dei òg fleirtal for forslaget.

– Dei hadde lov til å gjera det, det er det ingen tvil om, men eg tykte det var ein frykteleg dårleg måte å gjera det på. Vi hadde jo hatt ein lang nominasjonsprosess i forkant. Kvifor kunne dei ikkje ta ein reell, god diskusjon? Det som likevel var det verste, var at ein av dei frammøtte mennene sa til meg: «Du må vera klar over det, Mai, at Lom er ikkje klar for ei dame på topp». Eg kjem aldri til å gløyme det. Det handla ikkje om kvalifikasjonane, erfaringane eller meiningane mine, men at eg var kvinne. Det var problemet. Vi bur i eit lite bygdasamfunn der nesten alle kjenner alle, så eg kjende på eit ekstra svik over at det kunne skje noko slikt. Eg vart svært usikker òg, det var jo mange som stod bak. Dei påstod at det ikkje var planlagt, men ei stund etterpå fekk eg høyre at dei hadde hatt møte i forkant og bestemt seg for å gjera det. Dei kuppa møtet, rett og slett. Eg må innrømme at denne hendinga tok mykje av gnisten frå meg. Eg tvilar på at ein mannleg ordførarkandidat hadde blitt behandla på same måte. Men, som eg sa: Setninga eg hugsar best, var beskjeden om at Lom ikkje er klare for kvinneleg ordførar.

– Og det er jo sant, påpeikar Iselin Vistekleiven.

– For Lom har aldri hatt kvinneleg ordførar, over 100 år etter at kvinner fekk stemmerett. Det har med andre ord vore ei rivande utvikling, seier ho ironisk.

Iselin Vistekleiven, ja. Ho hamna plutseleg midt oppi det i samband med Rune Øygard-saka. Ho hadde sagt ja til å vera varaordførar, for å lære, for å arbeide under ein ambisiøs og dyktig ordførar. Plutseleg var alt snudd på hovudet.

– Eg var ikkje klar til å ta på meg ordførarrolla, eg fortalde meg sjølv at eg ikkje var dyktig nok. Men partiet mitt var positivt og Kjersti Stenseng frå partikontoret kom på banen og gav meg støtte. Det same gjorde Anne-Lise Marstein. Etter kvart vart motivasjonen større og større og eg tenkte at eg kanskje kunne greie det likevel. Eg hadde gode folk rundt meg, og Vågå hadde ein dyktig rådmann. Vi var eit godt lag og eg tenkte at det eg ikkje var god på, der kunne andre fylle inn med kunnskapen sin. Kommunestyret valde meg, samrøystes, som ordførar. Eg var enormt motivert, kjende meg svært privilegert som fekk arbeide som politikar på heiltid. Etter møtet gjekk eg meg ein tur for å tenkje gjennom ting og lufte hovudet, og på denne turen møtte eg ein Ap-mann. Han sa: «Du må hugse at neste periode så sit ikkje du i ordførarstolen. Det skal eg sørgje for». Da kom eg ned på jorda att, seier Iselin, og legg til at ho kan smile litt av det i dag.

– Hersketeknikkar kan ein møte på ulike måtar. Det kan vera at andre politikarar ikkje kallar meg ordførar, men kallar meg «unge dame». Eg har òg opplevd mange gonger at innlegg eg har halde i politiske fora – eller i ulike møte – ikkje blir kommentert i det heile tatt. Men når ein mann seier akkurat det same som eg har sagt, blir han møtt med «det var godt sagt». Ein kan kalle det småting, men det er samstundes noko ein kan bli litt påverka av.

Iselin Vistekleiven og Mai Bakken slår fast at det ikkje berre er menn som driv med hersketeknikkar. Det kan damer drive med òg, men gjerne på andre måtar.

– Det som ofte kan skje, er at usemje i sak kan resultere i personretta angrep, anten på sosial media eller i form av sladder på bygda, rett og slett. Eg har ei kjensle av at det «å ta» kvinnelege politikarar blir sett på som enklare enn å ta mannlege. Det er mange rykte som går, som eg ikkje kjenner meg att i sjølv, fortel Vistekleiven.

Sms-meldinga til Liv Signe Navarsete - «vi har lyst på fitta di» - har fått mykje fokus i media dei siste vekene. Men det er ikkje kvinnfolka som må skjerpe seg, slik Lesja-ordføraren tok til orde for, meiner Mai Bakken. Det er det menn som sender slike meldingar som må gjera.

– Somme taklar slike meldingar, andre ikkje. Somme har grov humor, andre ikkje. Det er ikkje rett å definere kva andre skal takle.

Unge jenter er opptekne av kropp, at dei ikkje er gode nok, flinke nok, at dei ikkje presterer på alle nivå. Mai Bakken fryktar slike meldingar og attendemeldingar vil slå hardare ut på dei som kjem etter, altså unge, komande politikarar.

– Og derfor er det så viktig å seia høgt at slike ting ikkje er akseptabelt. Ein må seia frå. Det blir sagt at ein skal tåle det, men det er eg ikkje samd i. Sjølvsagt skal ein ikkje tåle slikt, for da gjev vi signal til andre at slike type meldingar må ein tåle dersom ein tek på seg ei rolle i politikken. Når det er sagt: Det vil støtt vera mekanismer mellom to kjønn som er naturlege. Det er forskjell på ein «på-kanten-spøk» og ei melding som er sendt for å trakassere. Det avslører du fort, seier Mai Bakken.

– Ein må respektere seg sjølv òg. Dersom ein aldri seier i frå, men berre aksepterer uansett kva ein får servert av uttalar eller meldingar, blir det slik at alt er lov. Da blir det grenselaust.

Mai Bakken hugsar godt ei hending frå da ho var varaordførar i lomspolitikken. I Nord-Gudbrandsdalen var det seks mannlege ordførarar, alle i omtrent same alder. Alle seks varaordførarane var kvinner. Regionen hadde sett i gang eit prosjekt der målet var å få utlytta ungdomar heim att. Det skulle i den samanheng arrangerast eit møte i Oslo.

– I høvet planlegginga av Oslo-møtet, prata varaordførar Astrid Gjertsen i Skjåk og eg om at vi burde ta opp at det også burde vera med kvinner i denne delegasjonen, at det ikkje berre burde vera menn i om lag same alder som reiste til Oslo. Vi foreslo at eit par av varaordførarane også skulle vera med, eller kanskje andre kvinnelege representantar frå vår region. Vi tok det opp på sakleg vis, gjennomtenkt og ordentleg. Alle seks ordførarane var ikkje til stades i dette møtet, berre så det er sagt, men vi fekk svar. Ein av dei sa: «Æ døkk hoga på ein bytur nå, damer!». Og det var det. Innspelet vart ikkje teke på alvor, og ingen av varaordførarane vart med på Osloturen.

Iselin Vistekleiven og Mai Bakken er opptekne av å få fram at det ikkje er synd på dei. Tvert om. Vistekleiven slår fast at ho er takksam for å få arbeide med politikk.

– Ein lærer utruleg mykje, får sjå resultat av vedtak som blir gjort, blir kjend med svært mykje folk og får òg mykje positivt attende, det er slett ikkje berre negativt. Sjølvsagt er det ikkje det.

Mai Bakken slår på si side fast at ho har lært mykje av politikken, og at ho har god nytte av dette i dag, som leiar i Norsk fjellsenter.

– Eg vil påstå at alt eg har lært i politikken har vore heilt avgjerande for å lykkast i rolla eg har nå. Eg har mykje erfaring, har opplevd mykje, tålar ein støyt.

– Du var eit godt forbilde for meg i politikken, smett Vistekleiven inn. Du var ei svært tydeleg røyst, du torde å stå for det du meinte. Vi treng forbilde. Folk må møte kvarandre med respekt, om det er kvinner eller menn – og om det handlar om politikk eller heilt andre ting. Vi må kjempe mot, i fellesskap, det fåtalet som representerer haldningar ingen skal måtte finne seg i. På det viset er det positivt, meiner eg, at lokalavisa set fokus på at heller ikkje lokalpolitikken er fri for drama, baksnakking og hersketeknikkar. Slik skal det ikkje vera, og da må det fram i ljoset, konkluderer Vistekleiven.

– Vi er opptekne av at fleire kvinner engasjerer seg politisk, at dei er med i viktige beslutningsfora, seier Iselin Vistekleiven og Mai Bakken. Foto: Vigdis Kroken