Initiativtakarane bak turneringa som i sommar skal gå over heile Oppland oppsummerer helga slik:

– Fyrste Opptur har vorte ein del av historiebøkene, og jamen kosa vi oss godt! Sola skein heile helga, blide fjes over alt og takk til Flåklypa Sendeplatelag som var vertskap for fire fine runder på to fine baner! Det vart mange tette bataljar i dei ulike klassene!

For arrangørklubben vart det fire pallplassar i dei ialt ni klassene:

Bodil Daae (3), Erik Steinsgard (1), Kristen Odde (2) og Trym Eiesar (3) hamna alle på pallen i sine respektive klasser.

Leiar i Flåklyppa sendeplatelag, Bodil Daae, seier det slik:

– For ei helg! Er det mogleg å kose seg meir. Neppe. Opptur del 1 vart ein suksess.

Lokale deltakarar og friviljuge under helgas Opptur. Foto: Privat foto
Deltakarane storkosa seg i finvêret på Moar sundag. Foto: Astrid Bjørnstad