Den populære turistvegen har vore vinterstengd sidan 15. desember.

Planen var at Fv51 over Valdresflye skulle opnast for trafikk att fredag denne veka, men sterk vind og kraftig snøvêr gjorde at Statens vegvesen måtte utsetja opninga.

I fylgje Statens vegvesen vil Valdresflye vera nattestengd i tidsrommet 20.00-08.00 kvar dag fram til midten av april. Ved uvêr, kan vegen bli stengd på kort varsel.