av Mogunn Synstnes

I dag har vi 230-240 fiskevatn i Skjåk, men slik har det ikkje alltid vore.

Trygve starta reisa gjennom fiskehistoria heile 10 000 år attende i tid. Etter istida vart alle vatna i høgfjellet i Sør-Noreg liggjande fisketome. Havet vart ståande høgare etter siste istida, og nå kunne fisken vandre opp i Mjøsa og vidare innover i landet. Men det var ikkje heilt utan problem, for undervegs måtte fisken forsere både Hunderfossen, Harpefossen og Eidefossen. Her måtte fisken få menneskeleg hjelp, og mange stader måtte fisken berast vidare. Han «vart teken med som eit anna husdyr», sa Trygve i foredraget. Vidare kunne han fortelje at «det var aure som gjaldt». Grunnen var at auren veks godt, den tilpassar seg lett, den er lett å fange som settefisk, den er robust ved transport og den er lett å hauste.

Fisken kom åt Skjåk anten via Lågen og Otta eller «bakvegen» om Tesse, og kanskje kom fisken åt Øvre Otta via Tesse? Frå Tesse kom fisken ned i Vågåvatnet, Skim og Otta, men der stod Høgfossen og Pollfossen i vegen.

Vatn med fisk før 1850 var fordelt på fire eller fem delvassdrag. Det var Skim og Otta elv, Åstravassdraget (Liavatnet), Loravassdraget (Lortjønnen), Auravassdraget (Aursjoen) og kanskje Leirungen. At vi i Skjåk nå har så mange gode fiskevatn, skuldast i stor grad at fisk har vore boren til fjells. Det vitnar om mange harde tak. Eit godt fiskevatn var gull verd frå gamalt, og fiske var eit viktig bidrag til matauk i bygdene våre.

To viktige grep i forvaltning av fisken var klekkeriet i Luskveen (1934) og settefiskanlegget i Botten (1946). Spennande var det å høyre om kunnskap vi har fått om fiske gjennom arkeologien, mellom anna gjennom funn av fiskebein, gamle steinalderbuplassar, innsmoggo og spor etter gamle fiskemetodar. Ispedd bilete, både av eldre og nyare dato, hadde vi ein interessant kveld på Turistheimen.

For dei som vil lese meir om temaet, så har Trygve Hesthagen gjeve ut fire bøker om emnet og den femte boka kjem snart. Boka kveldens foredrag var henta frå heiter «Fiske og fiskekultivering i Skjåk», og vart utgjeven av Skjåk kommune i 2001.

Turlaget minner om neste Fjellkveld som kjem allereie onsdag den 8. mai. Den foregår på Dønfoss camping, og denne gongen er det Arnt Sveen som skal fortelje frå nokre av sine lange vinterturar i inn- og utland. Arrangementa våre er sponsa av Fjellbanken, og Skjåk Turlag har allereie planane klare for ytterlegare to nye fjellkveldar til hausten.

Elles skal årets turfoldar nå ha kome ut i alle postkasser i Skjåk, og her er det mykje å glede seg til både av kveldsturar, dagsturar og ein todagarstur. Fyrste tur ut er kveldstur i området rundt Bångråttjønn onsdag den 15. mai. Etter endt tur vil Aud Randi ordne med «kveldsmat på bål» til oss. Det ligg mykje god folkehelse i god mat og ei god samtale rundt eit bål òg!

På Leirungen kan skjåkværane ha sett ut fisk alt tidleg på 1700-talet. Foto: Trygve Hesthagen