– På Fjellredningsstasjonen vil det som vanleg vera stasjonert helikopter frå Helitrans, hundeekvipasje frå Norske Redningshunder og ein person frå skredgruppa. I tillegg vil det vera friviljuge frå hjelpekorpsa til stades på stasjonen mellom klokka 8 og 20 kvar dag. Resten av døgnet har mannskapa heimevakt. Det blir fem personar frå Røde Kors på vakt kvar einaste dag, seier leiar i Lom og Bøverdalen Røde Kors Hjelpekorps, Tåsten Nordal.

Dei siste åra har det vore svært roleg for hjelpekorpsa i Skjåk og Lom gjennom påska, med få oppdrag.

– Det blir spennande å sjå om det blir storinnrykk i regionen her i år, sidan mange av hyttene i Rondane held stengt på grunn av dårleg føre. Det er elles lite snø på breane rundt om, så folk bør ha med seg hovudet om dei skal på bretur. Ja, hovudet skal dei sjølvsagt ha med seg uansett kvar dei har tenkt seg, seier hjelpekorpsleiaren.

Påskeberedskapen på Fjellredningsstasjonen i Lom startar ved høgst dag fyrstkomande laurdag.

I Vågå Røde Kors Hjelpekorps fortel leiar Magnhild Vole at dei skal ha heimevakt frå palmehelga, der medlemane skal ha ei eller fleire døgnvakter i løpet av påska. I tillegg held ein del av medlemane til i Sjodalen- og Gjendeområdet, og har utstyr for å rykke ut om det trengst.