− Politiets viktigaste jobb er å trygge befolkninga. Sjølv om det ikkje ligg føre konkrete trugslar, har politidirektøren etter ei samla vurdering vedteke mellombels væpning for å sikre best mogleg beredskap gjennom påska, seier beredskapsdirektør Tone Vangen i Politidirektoratet i ei pressemelding.

Befolkninga kan oppleve auka nærvær av synleg og væpna politi dei nærmaste dagane, men politiet oppmodar folk til å feire påska som normalt.

PST beskriv i ei oppdatert trusselvurdering til politiet at kyrkjer og kristne forsamlingsstader framstår som aktualiserte terrormål, og at trusselnivået i Noreg er uendra.

Politiet vil vera mellombels væpna fram til tysdag 2. april.