Det var klokka 22.24 at operasjonssentralen ved Innlandet politidistrikt på Lillehammer fekk melding om røykutvikling i kjellaren på Fossheim steinsenter i Lom.

Brannvesen og politi rykka ut. Da dei kom til staden var det brann i kjellaren på steinsenteret.

Klokka 23.14 melder politiet at brannen er sløkt, og at ein driv med etterslokking.

Det er mykje røyk på staden.

I følgje politiet er det for tidleg å seie noko om brannårsaken.

Det er brannskader i eit lagerrom i kjellaren. Vatn og røykskader i øvrige delar av bygget.

Brannvesen og politi rykka ut til brannen i steinsenteret. Foto: Vigdis Kroken