– Vi hadde sjølvsagt håpa det motsette. At saka er uoppklart, set oss i ein utfordrande situasjon, men nå ser vi framover og går vidare, seier ho.

Skjåk kommune har innført nye rutinar når det gjeld handtering av medisin. Alle som skal inn i medisinrommet, må nå bruke personlege nøkkelkort i staden for nøklar.

- Det har alltid blitt ført nøye medisinrekneskap, men vi har innført hyppigare kontrollar. Dersom det skjer nye avvik, vil desse bli oppdaga svært raskt. Vidare blir det innført multidose, altså at tablettar blir ferdig pakka frå apoteket. Men uansett kva vi gjer: Ein kan aldri sikre seg 100 prosent og systemet kan aldri bli heilt vasstett. Vi må alltid ha eit lager av sterke smertestillande, for det kan oppstå behov for akutt smertebehandling på pasientar både på Skjåkheimen og ute på bygda. Eg vil tru alle skjønar at det ikkje kan vera to personar på alle vakter og til ein kvar tid og at kvar einaste tablett som blir teke ut blir dobbeltsjekka – eller at ein skal vera to personar for å avlevere all medisin, seier Reitan.

- Men alle kjelder til avvik er og vil bli redusert, slår ho fast.

Hilde Reitan gjentek fleire gonger at Skjåk kommune har full tillit til dei tilsette i helse- og omsorgssektoren.

- Det høyrest kanskje litt paradoksalt ut å seia det etter ei slik sak, men det er sant. Vi må ha tillit til dei tilsette, og det har vi, seier ho.

- Korleis har dei tilsette takla denne saka?

- På ein fornuftig måte. Det er klart det er utfordrande å bli kalla inn til politiavhøyr og det er klart det er ekkelt at det er mistanke om medisintjuveri på arbeidsplassen – men det har ikkje vore slik at dei tilsette har gått og skula på kvarandre, eller mistenkt kvarandre. Eg er imponert over korleis dei tilsette har takla denne saka, svarar Reitan.

Det lokale politiet har avslutta etterforskinga av saka, etter å ha gjennomført 23 avhøyr. Saka er sendt politiadvokat Eystein Husby til vurdering. Det har ikkje lykkast Fjuken å få tak i Husby, men Fjuken får signalisert at alt tyder på at saka blir henlagt.