Leiar Geir Inge Stadeløkken i Vågå arbeidarparti sendte fredag ut ei pressemelding etter vedtaket i årsmøtet torsdag kveld.
Stadeløkken skriv at Vågå Arbeiderparti er ein del av Det Norske Arbeiderparti. Det er fastsatt i vedtekter korleis politiske prosessar skal gjennomførast. I Arbeiderpartiet er det lagt stor vekt på demokratiske prosessar der kvart enkelt medlem skal kunne påverke og lyttast til.
- Vågå Arbeiderparti har fleire gonger opplevd at Bygdalista ikkje tek omsyn til våre krav om å behandle saker i vår partistruktur og i henhald til våre vedtekter, men at det tvert imot blir forventa at våre representantar skal ta tunge avgjerd på stutt varsel, utan å få moglegheit til å forankre dette i vår organisasjon. Dette er ein arbeidsmetodikk som vi ikkje lenger kan vere med på, skriv Stadeløkken.
Vågå Arbeiderparti vil difor avslutte den valgtekniske samarbeidsavtala med Bygdalista med øyeblikkeleg verknad.
- Dette betyr at alle fellesmøter opphøyrer og at vi forheld oss til Bygdalista på lik line som dei andre partia i Vågå, skriv Geir Inge Stadeløkken.