Kvelden starta med ei omvising i Utgard, på Friviljugsentralen, ungdomsklubben og biblioteket.

Deretter var det tradisjonen tru ein heilaften på Fossheim hotell.

Ordførar Kristian Frisvold ynskte velkomen og den unge trekkspelaren Terje Lunna bidrog med sjarmerande låting før middagen vart servert.

Kvelden vart avslutta med kaffi, kake og quiz i peisstugu på hotellet.

34 nye sambygdingar var med denne kvelden, dei aller fleste har kome til kommunen det siste året.

Håpet er at ein får treft nokre nye ansikt ein slik kveld, og at ein kan byggje relasjonar.