Varsom varslar faregrad 3 med betydeleg snøskredfare for både Indre Fjordane, Indre Sogn, Sunnmøre, Romsdal og Jotunheimen med fleire fredag. For Indre Fjordane gjeld varselet også laurdag.

Skredfaren aukar som følge av nedbør og kraftig vind frå sørvest.

– Både våte og tørre skred kan losne av seg sjølv. I kjende skredbanar kan skred gå langt. Skiløparar kan lett løyse ut skred i fersk vindtransportert snø. Konvekse formasjonar er særleg utsett. Unngå skredterreng, står det i varselet. I indre delar av regionen kan det ha danna seg svake lag under nysnøen. Slike stader vil det vere svært lett å løyse ut skred. Fareteikn som drønnelydar eller skytande sprekker kan vere indikasjonar på at aktive vedvarande svake lag finst i snødekket, skriv varsom.