Fjuken fekk under LLAs landsmøte på Hamar i helga også heiderleg omtale og diplom for marknadsarbeidet i mediehuset.

I grunngjevinga for prisen står det mellom anna at Fjuken er oppteken av levande lokalsamfunn, mellom anna gjennom kampanjen «Heimkjær». Vidare:

– Fjuken er kreative og tek i bruk nye format, og avisa si lyd- og bildesatsing har skapt fleire moglegheiter på digitale flater.

Fjukens adventserie er lagt godt merke til.

– «Nissorama» har skapt liv og røre, der lokalavisa og lokal-TV flyt meir og meir over i kvarandre. Dette er levande lyd og bilde på sitt mest lokale. Satsinga har også ført til ekstra annonseinntekter.

Juryen meiner elles at «Heimkjær» er eit opplegg som fleire aviser kan prøve ut.

– Avisa fortener heiderleg omtale i LLAs marknadspriskonkurranse 2024, seier juryen.

Marknadsansvarleg i Fjuken, Helene Flåten, tykkjer det er stas med prisen.

– Det er artigt å bli lagt merke til, at det arbeidet vi gjer blir heidra på denne måten. Ikkje minst at ein ser heilskapen i Fjuken, at det er heile laget som er inkludert i dette, ikkje berre marknadsavdelinga, seier ho.

– Eg kan ikkje anna enn å slutte meg til det Helene seier, vi er alle involvert på kryss av «avdelingane» i mediehuset. Dette er skikkeleg stas. Eg tykkjer òg at det beint fram er fantastisk at vi kom til finalen i hovudkonkurransen - at vi blir rekna som ei av dei ti beste lokalavisene i landet. Det er stort det, seier redaktør og dagleg leiar Hans Erik Kjosbakken.

Han legg til at det er inspirerande å sjå at endringane og utviklinga i Fjuken gjev seg utslag i positiv merksemd.

– Å få slik heider er med på å motivere oss til vidareutvikling og halde trykke oppe for å gjeva lesarar, sjåarar og lyttarar enda meir, seier Kjosbakken.

Også avisa Dølen i midtdalen kom til hovudfinalen. Årets lokalavis vart Lister som kjem ut i Farsund.