Som tidlegare kjent mistenkjer politiet tjuveri av medisin - sterke narkotiske preparat - på Skjåkheimen og i heimetenesta i kommunen. Saka vart politimeldt 2. august.

Den taktiske etterforskinga, som blant anna innber avhøyr av tilsette, har pågått fram til nå.

Etterforskingsleiar Vilde Nårstad Drugli fortel at politiet i tida framover skal gå gjennom og evaluere avhøyra som er gjort, for å sjå kva konklusjonar dei eventuelt kan trekkje av desse. Deretter skal politiet ta nye etterforskingssteg, som truleg vil innebera å kalle enkelte inn til andregongs avhøyr.

– Politiet har ikkje vore viljuge til å seia noko om omfanget, meir enn at det er «betydeleg». Kan politiet seia meir om omfanget denne gongen?

– Av omsyn til etterforskinga ynskjer vi ikkje å svare meir konkret på det spørsmålet førebels.

– Trur politiet det kan liggje eit økonomisk motiv bak?

– Det er ein av fleire hypoteser og moglege motiv vi ser på, svarar etterforskingsleiar Nårstad Drugli.

Hilde Reitan, kommunalsjef for helse og omsorg i Skjåk kommune, fortel at dei tilsette på Skjåkheimen og i heimetenesta sjølvsagt er prega av det som har hendt.

– Det er på ein måte kasta eit «mistankens ljos» over heile pleie- og omsorgstenesta, og det er sjølvsagt ikkje hyggeleg. Samstundes er det slik at livet og arbeidet går sin gang, parallelt med eit håp om at politiet skal finne ut av saka. I mellomtida kan eg på vegner av tenesta love at rutinane og systemet som gjeld medisinhandtering vil vera enda meir innskjerpa og vasstett enn før, seier ho.