Det var klokka 12.07 laurdag at meldinga kom om at det hadde gått eit større snøskred i Jotunheimen.

Skredet gjekk ved Loftet i Lom.

Politiet rykka ut. Luftambulansen vart også sendt til staden og starta søk. Eit redningshelikopter vart også sendt til området.

Politiet opplyser at søket vart avslutta rett før klokka 13.30. Ingen var meldt sakna og ingen vart funne i søket.

Operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Øyvind Bakken, seier til Fjuken at det har gått fleire skred i området ved Loftet dei siste dagane.

Før helga melde NVE om betydeleg snøskredfare for Jotunheimen, med faregrad 3.

– Heldigvis gjekk det bra denne gongen. Det er mange som ferdast i området, og vi oppmodar folk om å fylgje med på gjeldande varsel til ein kvar tid, og at ein er forsiktig der ein ferdast, seier Øyvind Bakken.

Operasjonsleiaren opplyser at snøskredet som gjekk ved Loftet laurdag var cirka 100 meter breitt.