Dagsturhytta Innlandet er eit prosjekt i regi av Innlandet fylkeskommune, som skal fremja nærfriluftslivet og vera eit lågterskeltilbod for alle uavhengig av bakgrunn, og skape nye møteplassar i lokalmiljøet. Målet er èi dagsturhytte i kvar kommune i Innlandet innan 2025.

Lom kommune har vedteke å setja opp ei dagsturhytte i løpet av 2024. Prosjektet blir finansiert med spelemidlar frå Norsk Tipping, Sparebankstiftelsen DNB og eigendel frå kommunen.

Når det gjeld plassering av dagsturhytta, har fylkeskommunen sett nokre krav og føringar, mellom anna at turmålet skal vera lett tilgjengeleg og stimulere til auka bruk av nærfriluftslivet, at startpunkt bør vera nær ein tettstad i kommunen (Garmo, Galdesand eller Fossbergom), at dagsturhytta bør liggje i samband med eksisterande turmål med tilhøyrande stigar og skilting, og at det bør vera tilstrekkeleg med parkeringskapasitet ved startpunktet.

I samband med oppstart av prosessen med å finne ut kvar dagsturhytta i Lom skal liggje, ynskjer kommunen nå innspel frå innbyggjarane, om kvar i bygda hytta skal setjast opp neste år.

Lom kommune ber om innspel via skjema på kommunen si nettside innan sundag 19. mars.