Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at det for fyrste gang er påvist Chronic Wasting Disease (CWD) i villrein i Norge. Sjukdommen er vel kjent hjå hjortedyr i Nord-Amerika, men dette er fyrste gongen den er påvist i Europa. Det er også fyrste tilfellet hjå rein på verdsbasis.

Funnet vart gjort på ein sjuk villrein i Nordfjella villreinområde i Sogn og Fjordane. Simla vart funne i samband med merking og registrering i regi av Norsk institutt for naturforsking (NINA) i mars 2016. Simla sprang ut av flokken og vart liggjande ute av stand til å reise seg. Simla døydde i løpet av stutt tid og vart sendt til obduksjon ved Veterinærinstituttet, der det vart påvist CWD.

– Det er eit interessant funn. Vi veit at sjukdommen er funne fleire gonger på hjortedyr i USA og Canada, men dette er fyrste gong vi finn den i Norge og Europa. Vi har derfor avgrensa kunnskap om denne sjukdommen, men vi vet at den aldri har smitta til menneske eller andre dyr enn hjortedyr, seier seksjonssjef Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet i ei nettmelding.

Baalsrud seier at så langt har ingen studiar funne ein auka smitterisiko knytt til forbruk av viltkjøtt. Sjuke dyr blir uansett aldri sendt til slakt. Kjøtt frå ville dyr som skal seljast blir også kontrollert for å sikre at sjuke dyr ikkje blir til mat. Det er heller aldri påvist at sjukdommen smittar til menneske frå levende dyr.

– Alt dette gjør at vi vurderer smitterisikoen som svært låg, seier Baalsrud.

Mattilsynet ber folk som ser sjuk villrein i fjellet om å si frå til Veterinærinstituttet.

Mattilsynet samarbeider vidare med Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn om informasjon til jegerar, turgåarar og beiteinteresser.

Førebels får dette funnet ingen konsekvens for dei som driv oppdrett av hjort eller reindrift.

– Kva med rein som vandrar frå Nordfjella til Jotunheimen med tamreindrift og villreinområda i Ottadalen. Er smittefaren stor?

– Det er ingen akutt situasjon. Vi må nå sette oss ned og få oversikt over situasjonen. Vi vil saman med Veterinærinstituttet og Miljødirektoratet sjå på eventuelle tiltak og faren for spreiing av sjukdommen, seier Kristin Ruud Alvseike, veterinær/seniorrådgiver, seksjon dyrehelse i Mattilsynet.

Les meir om saka her:

Mattilsynet

Veterinærinstituttet

Miljødirektoratet