Det var førre veke dagleg leiar Astrid Gjertsen bestemde seg for å avvikle garn- og klesbutikken som vart opna på Skjåk kjøpesenter for to år sidan.

I starten gjekk Skafferiet Garn og Klær så det susa, men i seinare tid har det vore dårleg omsetnad.

– Omsetnaden vart ikkje så stor som forventa. Eg meiner det er marknad for ein butikk med garn og klede i Skjåk, men eg bomma på varene som vart teke inn. Det er nok mykje eg kunne gjort annleis, vedgår Gjertsen.

I løpet av mars stenger ho dørene til garn- og klesbutikken, og rettar alt fokus mot kafeen som ho også driv på kjøpesenteret i Bismo.

Verksemda Skafferiet Garn og Kaffe AS har fem tilsette. Tre av desse mistar jobben sin som fylgje av butikkavviklinga.