– Dette er eit historisk val for Senterpartiet, seier Mette Vårdal. Lokalpartiet har ikkje sett 30-talet sidan SP fekk 31 prosent av stemmene i 1947 og 30 prosent av stemmene i 1951.

Da 95 prosent av stemmene var talt opp måndag kveld låg det an til at partiet får 37,2 prosent av stemmene og 6 representantar i kommunestyret.

Tidlegare ordførar Kari Hølmo Holen inviterte til valvake heime i Holungsøyom.

– Kjempebra. Dette er heilt utruleg, seier Hølmo Holen som var Vågå sin fyrste kvinnelege og Senterpartiet sin hittil fyrste ordførar i bygda. Ho var ordførar frå 1992-1995.

– Det er sunt med eit skifte. Det er ikkje bra at eitt parti sit med makta år etter år. Eit skifte gjer det meir interessant å drive med politikk, seier Kari Hølmo Holen.

– Dette valresultatet er over all forventning. Veljarane har vore tydelege på at dei ynskte eit skifte. Med det mandatet skal vi nå gå i forhandlingar, seier Mette Vårdal.

Om stemninga i SP si valvake var sprudlande, kan ein ikkje seie det same om arbeidarpartiet si valvake på Vågå Hotel.

– Vi tek valresultatet til etterretning, seier Iselin Jonassen, arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

Jonassen seier at partiet nå vil gå i forhandlingar, men vil ikkje ut med kven.

– Vi held alle dører opne, seier Jonassen.

Målet til Vågå arbeidarparti var 50 prosent av stemmene. Resultatet ligg an til å bli 38,9.

– Eg føler vi jobba godt i valkampen. Nå skal vi analysere det vi har gjort. Å sitje med makta over så lang tid vil gje ei slitasje, seier Jonassen.

– Er du skuffa over resultatet?

– Når målet var 50 prosent kunne eg tenkt meg eit anna resultat, seier Iselin Jonassen.

Iselin Jonassen og arbeidarpartiet tek valresultatet til etterretning. Ved sidan av sit varaordførarkandidat Egil Barhaugen. Foto: ARVE DANIELSEN