Landskappleiken på Fagernes sist helg var ei fin opptakt til Landsfestivalen i Lom som startar neste veke.

Lomværane kunne reise heim att over Valdresflye med gode plasseringar i bagasjen.

Spesielt leiaren i Lom spelmannslag, Bjørn Kåre Odde, hadde all grunn til å vere nøgd. Ikkje nok med at han førte spelmannslaget heilt til topps i lagspel, han vann også open klasse saman med broren Mads Erik Odde og Øyvind Sandum.

I gruppespel junior gjekk nok ein gong «Dølasneillun» med Mari Midtli frå Sel, Amalie Aaseng frå Heidal og Astrid Garmo frå Lom til topps.

I A-klassa gjekk Andreas Bjørkås frå Oppdal til topps. Astrid Sulheim frå Lom kom på andreplass, medan Hans Sandum frå Lalm som spelar for Sofienberg spellemannslag, kom på tredjeplass. Leif Inge Schjølberg frå Vågå vart nummer fire og sonen Eirik Schjølberg nummer sju.

Eirik Schjølberg var ein av fem som var nominert til Fureprisen. Aashild Aasgaard og Gjermund Valde Sletten frå Vågå fekk stipend frå FolkOrg.

Amalie Aaseng, Mari Midtli og Astrid Garmo vann gruppespel junior. Foto: Runhild Heggem