Onsdag ettermiddag skal det skje. Da blir Billingen Seterpensjonat offisielt opna. Ordførar Rolv Kristen Øygard skal klippe snora, det blir song og musikk og noko godt å eta på.

Det nye turisttilbodet ligg vakkert til og er plassert midt i smørauget på fleire måtar, som ein inngangsport til Reinheimen og Breheimen. Her brusar elva Tora forbi, her er det informasjonstavler, diktarstig og kulturstig. Ekteparet Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdinggren vil frå i kveld by på overnatting og servering av mat frå eigen gard, pluss mat frå andre produsentar i Skjåk og kollegaer i Gudbrandsdalsmat.

– Målet er å gje bygdafolk og turistar gode opplevingar, noko som er utanom det «vanlege». Velkomne til opninga alle som ein! inviterer Marianne.