Ei gruppe på fire personar var tysdag på tur på Knutshø ved Gjende.

Operasjonsleiar Hågen Løvseth ved Gudbrandsdal politidistrikt, fortel at dei fire var på toppen av Knutshø, men hadde gått feil på tur ned og vart ståande fast i fjellsida.

Ein 18-åring i følgjet fekk klatra opp att og varsla. Dei tre andre sat ved 21.30-tida tysdag kveld fortsatt fast. Dette er ein 45 år gamal mann, ei 17 år gamal jente og ein ti år gamal gut.

– Dei tre skal ha det greit, seier Løvseth. Han fortel at politi, lokal redningsgruppe og helikopter er på veg.

– Det tar tid å organisere ein slik aksjon, seier Løvseth.