– Dette er stor stas. Eg vart overraska og datt nesten av krakken da vi fekk vite om prisen, seier Dag Lindvig.

Anders Sandvigs museumspris på 50.000 kroner er ein ny pris som i år blir delt ut for fyrste gang.

Prisen tek over for Anders Sandvigs museumsstipend som har vore delt ut av Maihaugen sidan 1987, da det var 100 år sidan Anders Sandvig byrja å samle hus og gjenstandar og som la grunnlaget for det som skulle bli De Sandvigske Samlinger.

Anders Sandvigs museumspris skal fremme og lønne framifrå innsats for bevaring av kulturarven i Gudbrandsdalen og Lillehammer. Målet er at den vil skape ny merksemd rundt Maihaugen og Anders Sandvig si gjerning, samt vere ei spore til innsats på eit sentralt fagfelt.

Ingunn Munch Lindvig og Dag Lindvig får prisen for årelangt arbeid med å gjenreise garden Gammel-Kleppe. Det er ein praktgard frå 1600- og 1700-talet, og som i dag er nytta som gardshotell og arena for kulturarrangement.

Dag Lindvig fortel at dei kjøpte Gammel-Kleppe i 1986 og starta da opp restaurering av garden. I dette arbeidet har dei funne inspirasjon og fått hjelp og råd frå Maihaugen.

– Prisen er ei påskjønning av kulturarven i Gudbrandsdalen. Vi er stolte av både Gammel-Kleppe og Maihaugen, seier Lindvig.

Prisen blir delt ut under sankthansfeiringa på Maihaugen tysdag 23. juni, frå utescena på Dansarvollen.

Ingunn Munch Lindvig og Dag Lindvig tykkjer det er stas å få Anders Sandvigs museumspris. Her saman med to av ungane; Storm og Edvard, i samband med Munch-markering i 2013. Foto: Arve Danielsen