Dette skal vera bustader for brukarane som er knytt til miljøarbeidartenesta. Da forslag til budsjett og økonomiplan vart behandla like før jul, vedtok kommunestyret å setja av 5,0 millionar kroner til dette prosjektet neste år, med mål om ferdigstilling i 2020. Totalkostnaden er på om lag 60 millionar kroner, der nesten halvparten vil bli finansiert ved hjelp av tilskot frå Husbanken.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø seier at dette blir ei mykje betre løysing driftsmessig, mest fordi bustadene blir meir samla - med ein «vaktbase» i midten.

– Kva skal dei gamle omsorgsbustadene nyttast til, når brukarane flytter inn i dei nye?

– Dette er bustader som ligg i nærleiken av helseheimen, så eg ser føre meg at dei kan nyttast til omsorgsbustader for eldre eller andre trengjande, svarar Holø, som presiserer at kommunen ikkje har utgreidd bruken av denne bygningsmassen førebels.

– Kva skal skje med dei gamle husa like ved helseheimen, som på folkemunne blir kalla «trygdebustadene»?

– Dei skal etter kvart rivast og vike plass for framtidige heildøgns omsorgsbustader for eldre, knytt til institusjonen. Dei gamle trygdebustadene er enkle bygg, som vart sett opp sist på 60-talet. Vedlikehaldet på desse husa har vore forsømt over fleire tiår, og det gjeld dessverre fleire eldre kommunale bygg. Ved nybygging framover må vi syrgje for at det blir sett av tilstrekkelege midlar til vedlikehald, slik at vi ikkje får oppleve like stort etterslep som i dag, seier ordførar Holø.