Torsdag morgon var det mange av Synnøve Sakura Heggem sine kontaktar som sette fast kaffien i halsen da dei fekk ein epost med tittelen «Haster hjelp!»

Den tidlegare soknepresten i Lom var utsett for hacking av eposten sin, og var slettees ikkje ein prest i naud på Kypros.

I eposten stod det:

«Jeg håper dette kommer til deg i tide. Jeg gjorde en tur til Kypros og min bag ble stjålet med mitt internasjonale pass og mitt kredittkort inne. Ambassaden er villig til å hjelpe meg med å ta et fly uten passet mitt, jeg trenger bare å betale for billett- og hotellregningene. Til min forferdelse, kan jeg ikke få tilgang til pengene mine uten kredittkortet mitt og kontakte banken min, men de trenger mer tid til å gi meg et nytt kort. I denne uheldige situasjonen tenkte jeg på et lån som jeg kan betale tilbake så snart jeg kommer tilbake. Jeg trenger virkelig å bli med på neste flytur. Jeg trenger 19.600 NOK. Fortell meg om du kan hjelpe».

Dette var underteikna med Synnøve Sakura Heggem.

Heldigvis beit dei fleste ikkje på svindelforsøket, sjølv om mange gjerne vil hjelpe ein prest i naud når dei får ei slik melding.

For hovudpersonen sjølv vart det ein kaotisk dag.

– Eg fekk dei fyrste telefonane torsdag morgon av folk som hadde fått eposten og som reagerte på at dette måtte vere svindel, seier ho.

Synnøve Sakura Heggem har mistanke om at alle hennar kontaktar på epost fekk eposten om «hjelp». Dette er ei adresse ho har brukt både privat og offentleg som prest i mange år.

– Frykteleg mange har tatt kontakt ut over dagen, både på telefon og SMS. Mange sa og skreiv at dei var i ferd med å sende pengar, før dei oppdaga svindelen, seier Synnøve Sakura Heggem.

Ho fortel at ho fekk lagt ut to meldingar på Facebook om at ho korkje var i naud eller på Kypros.

Sakura Heggem er vikarprest på Rena i Østerdalen, og midt oppi det heile hadde ho også to gravferd i løpet av dagen.

– Det var rimeleg kaotisk ei stund, seier ho.

– Kva tenkjer du om å bli utsett for noko slik?

– Det er nesten som innbrot. Ubehageleg å misse kontrollen, seier Synnøve Sakura Heggem.

Ho fortel at ho også vart  bekymra og fekk dårleg samvit for dei av sine venner som kunne få problem av dette, om nokon sendte pengar.

– Eg  fekk telefon  frå ei venninne i Lom som  trudde eg var på Kypros, men fekk trøyst av prosten som sa at i Lom er det sindige folk som ikkje går på dette, seier Synnøve Sakura Heggem.