Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten.

Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Einar Marstein Kvandalsvoll som fylte 3 år den 21. juli. Han kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Einar fekk helsing i avisa av Erna, Mia, mamma og pappa.

Gratulerer med dagen, Einar!