Sjuande klasse ved Loar skule i Lom vart av Sparebank1 Lom og Skjåk og Fjuken kåra til Årets Ottadøl 2016. Denne heideren fekk dei for måten dei har teke seg av klassekameraten Lars Fyrun.

Lars har ein genfeil som gjer at han er liten av vokster og har dårleg høyrsel. Han er uansett med på alt saman med klassekameratane, og er kanskje spesielt ivrig på fotballbana.

Det var gledesscener da banken og Fjuken overraska klassa med ein sjekk på 10.000 kroner før jul i fjor. Nå var det klassa sin tur til å overraske Lars.

Skuleåret, og barneskulen, er i ferd med å avsluttast. På ein skuletur til Hunderfossen onsdag hadde klassa nemleg med seg noko dei visste ville gle klassekameraten.

Halve prispengane, saman med sponsing frå den skandinaviske fanklubben, har klassa brukt til å ordne med fotballtur til Manchester for å sjå favorittlaget United.

Kontaktlærar Torill Horten fortel om ein gut som vart utruleg overraska og rørt da han fekk gåva frå klassekameratane.

Fjuken har ikkje prata med Lars sjølv, for torsdag morgon sto eit anna turmål på programmet - Galdhøpiggen.