Opninga av fjellvegen, fv 258, som vanlegvis er sett til 15. juni, blir i år utsett èin dag.

– Det rauk noko utstyr slik at vi vart litt forseinka, kan byggeleiar i Statens vegvesen, Ole Egil Hagen fortelja.

Fjuken får opplyst at brøytemannskapa kom igjennom dei siste fonnene ved 10-tida torsdag og at vegen blir opna for trafikk i løpet av fredag.