Ei veke etter at kåringa av Norges campingfavoritt starta, har det norske folk allereie nominert over 100 campingplassar.

Det er Gule Sider som arrangerer kåringa «Min campingfavoritt» for andre året på rad, der den beste campingplassen i landet skal kårast.

I fjor stakk Dønfoss Camping i Skjåk av med sigeren. Årets kåring, som starta 20. juni, viser at det er fjorårets vinnar som så langt har sanka flest stemmer i konkurransen, og som ligg på toppen av den førebelse topp ti-lista. Dønfoss Camping kan med andre ord bli folkets campingfavoritt to år på rad. Men det er lenge att av kåringa, og mykje kan skje, understrekar marknadssjef i Gule Sider, Erik Nergaard.

– Det er mange grunnar til at ein legg sin elsk på ein campingplass. Kanskje er det plasseringa av plassen, dei trivelege folka i nabovogna, pølsene i kiosken, eller den fine sandstranda. Vi vil gjerne høyre om det og oppmodar folk til å halde fram med å stemme på sine favorittar heilt fram til 12. august, seier Nergaard.

For å stemme fram din favoritt, må du besøke Gule Sider si nettside «Min Campingfavoritt». Campingplassen med flest stemmer vinn, og blir kåra til heile Norges campingfavoritt.

Over 500 norske campingplassar, fordelt på over 24.000 stemmer, kniva i fjor om tittelen. Dønfoss Camping fekk heile 7.000 av stemmene i fjorårets kåring.

Dønfoss Camping vann kåringa i fjor med over 7.000 stemmer. Da var over 500 norske campingplassar nominert. Foto: Tom Erik Solstad