– To veker før han døydde var Kjell på besøk hjå meg på Sulheim saman med sin ven Peter Schneider. Kjell var tydeleg på kva han ville, det tykkjer eg er viktig å få fram, seier Christian Sulheim til Sunnmørsposten.

Sulheim seier at Holm ville selja, og at Sandbu ikkje vart teke med i stiftinga. Dette blir stadfesta av Schneider.

Sunnmørsposten har i fleire artiklar sett fokus på Sandbu i Vågå, og usikkerheita rundt kva som vil skje med garden.

– Stiftinga vil bruke den tida som trengst for å finne ei varig løysing for Sandbu, skriv styreleiar Marianne Ytterdal i ein epost til Sunnmørsposten.

Stiftinga har registrert at mange har synspunkt og meiningar om kva som bør skje med den unike garden Sandbu i Vågå.

Les meir på papir torsdag.

– Holm ville selja, seier Christian Sulheim til Sunnmørsposten. Foto: Hans Erik Kjosbakken (arkiv)