Ti år gamle Helle, ei ku av rasen dølafe, kalva den 25. september. Ho fekk ein kukalv.

Ingenting pussig med det, men berre eit par timar etterpå fekk dotter til Helle, nemleg Snåta, også ein kalv. Dermed vart Helle både mor og bestemor same dag.

– Og ikkje nok med det, for berre stutt tid etter det att fekk også Iris kalv, og ho er dotter til Snåta og barnebarnet til Helle. Dermed vart Helle både mor, bestemor og oldemor i løpet av få timar. Ein skulle tru det ikkje gjekk an, men det gjorde det jammen, seier Liv Oddrun, glad for at alt har gått bra med kalvinga så langt.

– Helle er ei fantastisk ku. Ho har godt lynne og ho er ei god mjølkeku. Ho har aldri vore sjuk, med unnatak av eit par tilfelle med mjølkefeber. Denne dagen, den 25. september… Eg kjem aldri til å gløyme det. Slike hendingar er som ei drivkraft for alt eg driv med. Det er stort, rett og slett, seier den blide gardbrukaren i Skjåk.

Dei tre kalvane etter oldemor Helle, bestemor Snåta og mor Iris kom same dag. – Alle er friske og sunne, fortel gardbrukar Liv Oddrun Maurstad. Foto: Vigdis Kroken