– Det får full verknad frå 1. desember. Vi må effektivisere og tilpasse oss situasjonen slik han er, seier dagleg leiar Vegard Ottesen.

Han fortel at dei 13 personane er inkludert vikarar og nytilsette som eigentleg skulle ta til i haust, men som nå har fått kontrabeskjed.

– Eg tenkjer mykje på dei som mistar jobben. Mange av dei får ein vanskeleg situasjon. Når det gjeld framtidsutsiktene til Interfil, er eg ikkje uroa. Vi skal framleis gjera ein god jobb og levere gode økonomiske resultat. Det vi mistar i omsetnad fordi vi har mista den største kunden vår i Sverige, skal vi «ta att», men vi treng litt tid for å byggje opp att omsetnad og ordretilgang. Hugs at nå pratar vi om eksporten vår. Marknadsandelen i Noreg er uendra. Der er ordreinngang og marknadsutsiktene relativt gode, seier Vegard Ottesen.

Han fortel at Interfil har lagt bak seg åtte gode månader så langt i år.

– Eg vil seie det slik at situasjonen er dramatisk for dei som må gå, men det er på ingen måte dramatisk for Interfil, seier Ottesen.

Onsdag ettermiddag hadde leiinga informasjonsmøte med dei tilsette. Det blir nå att 52 tilsette på Interfil, mot tidlegare 65.

– Eg tenkjer mykje på dei som må gå, men situasjonen er ikkje dramatisk for Interfil, fortel dagleg leiar Vegard Ottesen. Foto: Vigdis Kroken/ Arkiv