Av Øystein Skarset, Lom

Den framtidige strukturen for den vidaregåande skulen i Innlandet skal leggast, og i den samanhengen har det kome forslag om at mellom andre avdelingane i Lom og på Dombås skal leggast ned.

Det er mykje som talar for at desse avdelingane bør bestå. Allereie i dag er det utfordrande å få tak i personar med høgare utdanning til stillingar som er nødvendige for drift og utvikling av kommunane og næringslivet i Nord-Gudbrandsdalen. Blir den vidaregåande skulen i Lom og på Dombås lagd ned, vil rekruttering til slike stillingar ikkje bli lettare. Unge folk med høgare utdanning vil da vegre seg for å flytte til Nord-Gudbrandsdalen når barna deira, som i Skjåk, må bruke til saman nesten fire timar per dag i buss for å kome til og frå vidaregåande skule. Alternativet er heller ikkje attraktivt; å gjere barna på femten-seksten år til hybelbuarar og vekependlarar. Sjølv flytta eg for vel tjue år sidan frå Akershus til Lom, saman med kone og barn. Vi hadde aldri flytta til Lom om det ikkje var vidaregåande skule der!

Den vidaregåande skulen i Lom er ein god skule, med gode lærarar, gode resultat, godt miljø, og med ein gjennomføringsprosent på nesten 100! Skulen gav dei tre barna mine ein god ballast for vidare utdanning.

I festtaler er det mange politikarar som legg vekt på kor viktig det er med levande bygder i heile landet. Men levande bygder kjem ikkje av seg sjølv. Om fylkespolitikarane i Innlandet ønskjer å bidra til levande bygder i Nord-Gudbrandsdalen, kan dei gjere det ved å la avdelingane i Lom og på Dombås bestå.

Nedlegging av den vidaregåande skulen i Lom og på Dombås vil vere nok ein stein til børa for bygdene nord i Gudbrandsdalen. Truleg vil ei nedlegging vere ein katalysator for nedbygging og avfolking.

Etter at forslaget som nedlegging av avdelingane i Lom og på Dombås kom, har eg ofte tenkt på eit vers i Bygdevise, ei vise frå 70-talet:

«Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no når døra skal spikrast igjen? For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo. Du skal reise til byen, min venn».