av Lars Brustugun

For nokre dagar sidan fann eg fram til debattsidene på den digitale utgåva av Fjuken. I februar hadde Torgeir T. Garmo eit innlegg. Det minner mykje om 17. maitala han heldt i Lom i 1993. Allereie den gongen, 32 år sidan, var Torgeir oppteken av tilstanden på jordkula vår og korleis framtidsutsiktene såg ut. Den overlag gode tala vart attgjeven i Fjuken. Eg har tatt vare på utklippet. Det nye no er at Torgeir har tvilt seg fram til at kanskje kjernekraft kan bli berginga. – Kanskje det, og kanskje ikkje.

Marcel Proust var På sporet av den tapte tid. Han fann den visst; siste bind i romanserien heiter Den gjenfunne tid. Verre kan det bli for oss. Den tida vi hadde på oss, er i ferd med å renne ut.

Å vinnast på, ha nok tid innan ein frist, er ofte svært viktig. Sjølve livet har ein frist, og til eldre ein blir til meir tenkjer ein på korleis tilværet kan bli for dei som kjem etter oss. Her er eit forsøk på ei faktasamling om den største og viktigaste saka i vår tid og ei oppmoding om å bli med og tenkje og leite etter lysglimt.

Energi må vi ha, men verda brukar stadig meir, og for mykje, både svart og grøn. Minking i staden for auking av energibruk burde vore det store, altoverskyggande mantraet.

Nesten 8/10 av energien kjem frå gass, olje og kol, sjølve motoren i klimakrisa. Som alle veit, forbrenning av fossil energi forureinar lufta. Det verste er kol, billigaste fossilenergien, som står for tredjeparten av karbonutsleppet til lufta. I 2018 døydde 8,7 millionar menneske for tidleg på grunn av menneskeskapt forureining frå fossilt drivstoff, i fylgje Harvard-universitetet. Verst er Kina. Ved hjelp av energi frå kolkraftverk har dei lyfta store mengder menneske ut av fattigdom, men dilemmaet er at velstandsveksten har sin pris; kvar dag døyr ca. 4000 av kolrøyk. Kina står for 1/3 av verdas utslepp av luftforureining.  Dei har over tusen kolkraftverk som vil spy ut enorme 3 milliardar tonn CO₂ årleg i titals år framover – karbondioksid som vil halde seg i lufta i hundrevis år og forverre klimaet. Stadig byggjer Kina nye kolkraftverk.

Parisavtalen av 2015, som 195 land, også Kina, har slutta seg til, har som hovudmål å halde den globale oppvarmingstemperaturen godt under to grader. All bygging av kolkraftverk må stanse, og kol utfasast. Fristen er 2040. Kinas lovnad i Parisavtalen er å ikkje auke utsleppa etter 2030 og fase ut kol innan 2060. Rett nok er Kina stort også på fornybar energi, men kan ein greie å tru at vi skal vinnast på å nå klimamåla i avtalen før det er for seint, når Kina berre køyrer på vidare med fossil energi? Det er berre å konstatere at viss ikkje Kina tek eit mykje større ansvar for klimaet, er Paris-avtalen ein rein illusjon.

Så vi får setja vår lit til den teknologiske utviklinga. Klimapanelet i FN peikar på tre teknologiar som kan vera med på å løyse dei globale klimaproblema: fornybar energi, karbonfangst og -lagring, og kjernekraft.

Kanskje elektrisitet produsert i kjernekraftverk er det optimale. Nokre land får meir enn halvparten av energibehovet sitt dekt på den måten, Frankrike heile 70%.  Både Finland og Sverige 35%. Også Norge importerer kjernekraft i periodar med lite vatn i vassmagasina. At det er problem med kjernekraft er velkjent, det er nok å nemne Tsjernobyl. Ein ekspert seier det slik: Det handlar ikkje så mykje om kjernekraft er sikkert for samfunnet, men om samfunnet er sikkert for kjernekraft. Russland er ikkje spesielt trygt. I andre enden av skalaen har land som Sverige god status på teknologien og lagrar avfallet ein halv kilometer under jordoverflata. Hovudargumentet for kjernekraft er at den erstattar kolkraft. Også Kina har kjernekraftverk, 55 i drift. Eitt stort kjernekraftverk kan spare 8 millionar tonn CO₂årleg. Det høyrest lovande ut. Men skulle alle kolkraftverka i Kina erstattast, måtte det byggjast 370 slike. Til erstatning for alle kolkraftverka i verda fleire tusen. Med lang planleggings- og utbyggingstid, til enorm kostnad, mykje usikkerheit i mange av landa og ei uhorveleg mengd radioaktivt avfall til våre etterkommarar. – Greier vi å sjå for oss at kjernekraft kan redde oss så vi vinst på å nå klimamåla før forverringane har kome for langt?

Den andre teknologien FN nemner, karbonfangst og -lagring, høyrest forlokkande ut, men er nok nærmast på begynnarstadiet ennå, kostbart og lite konkurransedyktig mot kol. Så står att fornybar energi, det vil i hovudsak seia vasskraft og sol- og vindkraft. Energi frå vasskraft er det ein god del av, ca. 15% av verdas energiproduksjon. Sol- og vindkraft, som er det store no og aukande, er førebels puslete 3% og 6% av verdas energiproduksjon. - Det finst lysglimt, t.d. stadig betre solpanel og kanskje hydrogen. Men har vi tru på at det går an å vinnast på å få til så mykje av fornybar energi at kolkrafta blir fasa ut før det er for seint å nå klimamåla? Jf. kolbruken i Kina og i fattige land.

Me kan klamre oss til eit håp om at summen av kjernekraft, karbonfangst og diverse fornybart er det som skal til, men blir det nok, trygt nok og tidsnok? Ser me eigentleg anna enn eitt einaste alternativ: Kraftig reduksjon av energibruken? - Verda har eit grotesk, vanvettig, uansvarleg forbruk av fossil energi.  Men trur me, når vi kjenner oss sjølve, at eit fleirtal i rike land er villige til å gje avkall på så mykje av velværet fossilenergien gjev oss, at det er nok til å vinnast på å nå klimamåla, jf. oljebruken, 100 millionar fat kvar dag? Og vil fleirtalet av politikarane gå mot folkeviljen?

Her vart det leita nokså forgjeves etter lysglimt i alt dette kolsvarte. Finn du fleire, er det bra. Vi skal ikkje vera pessimistar, men kan heller ikkje vera optimistar, så utrygt som det ser ut framover. Det einaste vi kan, er å håpe. Men det må også vera lov å kjenne seg sorgtyngd. Klimasorg, kallast det, sorg over klimaendringane og  temperaturstiginga med all slags ekstremvêr, forureining av luft og hav, øydelegging av natur – og med det følgjer økosorga, sorg over kor dårleg stelt det ser ut til å bli for menneska etter oss og for alt liv på jordkloten vår.