av Sondre Bøye, tobarnsfar og kommuneoverlege i Skjåk

Det er føreslått å legge ned den vidaregåande skulen i Lom - ein skule av høg kvalitet. For barn i Skjåk vil dette bety at ein vert tvinga til å bu på hybel, eller reise timesvis med buss kvar dag. For reisa er lang. Om ein elev i Skjåk byrjar å reise samstundes med søskenbarnet sitt på Hamar, så er bussen så vidt kome forbi Lalm når hamarsingen går av på Oslo S (1). Dette gjev mange negative følger, og eg vil liste opp nokre av dei.

Kvalitet

Det er frå fylkesadministrasjonen sagt at nedlegginga er naudsynt for å sikre høg kvalitet i den vidaregåande opplæringa. Når ein veit at skulen i Lom har høgare gjennomføringsgrad, høgare karakter-gjennomsnitt, mindre fråvær og større andel elevar ut i læringplass enn både resten av Innlandet og landet forøvrig, så kling dette meir hult enn dei fleste politikar-flosklar. Så sjå forbi floskelen om kvalitet; dei vil legge ned skulen for å spare pengar.

Samfunnsøkonomi

Men sparar ein eigentleg pengar på ei nedlegging? Om du i distriktet ikkje ber om meir enn nokre meter gangveg fram til barneskulen, ja så må det gjerast konsekvensutgreiingar og samfunnøkonomiske analyser. Å legge ned ein skule derimot, kan tydelegvis gjerast med eit raskt blikk på skulebudsjettet åleine. Dei indirekte kostnadane er ikkje eingong forsøkt belyst. Lang reiseveg til skulen gjev større fråfall - og ungdom som har falt ut av utdanning er overrepresentert på statistikkar over mellom anna sosiale ytingar, uhelse og kriminalitet. Kostnadane ved dette åleine vil truleg langt overstige det ein sparar på skulebudsjettet (2).

For den kan jo umogleg vera så trongt med pengar i Innlandet, når vår kjære fylkesdirektør Tron Bamrud tener meir enn statsministaren (3).

Jus

Opplæringslova §9 A-2 seier at alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Dei fleste greier seg kanskje greitt på hybel eller på buss i tre timar kvar dag. Men, det er ikkje alle som er i stand til dette. Elevar med sjukdom, sosiale vanskar eller funksjonsnedsettingar vil kunne miste moglegheita til å ta vidaregåande utdanning. Det er beint fram ikkje lov. Som alltid er det dei svakaste det går mest utover.

Helse

Det er godt fundert at tidleg flytting på hybel gjev auka bruk av alkohol, hyppigare køyring i ruspåverka tilstand, tidlegare seksuell debut, mindre fysisk aktivitet og dårlegare kosthald (4). Om ein vel tre timar på buss kvar dag i staden for hybel, og for mange legg til over to timar lekser (5), så vert det knapt med tid til korsang, volleyball eller andre helsefremmande aktivitetar.

I Innlandet fylkeskommune sitt eige program for folkehelse finn ein at barn og unge, psykisk helse og rusførebygging er viktige stikkord (6). Og, folkehelseprogrammet deira legg vekt på tiltak for å styrke barn og ungdom si deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet. Nærmare opp mot ein vits er det vel vanskeleg å koma.

Lokalsamfunn

Av dei eg gjekk saman med i tre år på skulen i Lom, så bur 75% fortsatt i Lom og Skjåk, og kvar av oss har i snitt 2,1 barn (7). Dette er ein umisteleg verdi for eitkvart lokalsamfunn. Skal storsamfunnet ha tilgang på dei ressursane som distrikta sit på, som den elektriske krafta, totalberedskapen, reiselivet, landbruksvarene, osv - ja, så må det bu folk her. Hadde eg visst at Skjåk kanskje ikkje vil ha noko tilgjengeleg vidaregåande skuletilbud for mine barn, så er det ikkje sikkert at vi i min familie hadde busett oss her. Og det er mange andre som tenkjer det same.

Framtida

Det er i intervju med fylkesdirektøren sagt at ein fram mot 2038 får mindre elevtal, og at det difor er umogleg å oppretthalde eit så spredt skuletilbud som ein har i dag. År 2038 er 14 år fram i tid. Når pandemien traff, så vart heile Noreg - skulen inkludert - heildigital i løpet av eit par veker. At dei kommande 14 åra ikkje skal kunne romme moglegheiter for digitalt understøtta utdanning verkar lite truleg. Om Lom manglar moglegheiten for å ta portugisisk som framandspråk, så kan det ikkje vera ei umogleg oppgåve å løyse dette digitalt i samarbeid med andre skular.

Det handlar om politikk

Det er ikkje skuleadministrasjonen i fylket sin jobb å ta alt dette med i reknestykket. At dei legg fram dette forslaget er sikkert i tråd med det dei ser i sine budsjett. Men det er dei politisk valde sin oppgåve å ha vidsyn nok til å sjå heile biletet. Eg håpar dette er ein jobb dei tek.

Referanser:

1) https://entur.no

2)https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kd/vedlegg/grunnskole/frafall/kostnader-av-frafall.pdf

3) https://www.nrk.no/innlandet/tjener-mer-enn-statsministeren-1.16240175

lovdata.no

4) Tidsskr Nor Lægeforen 2001, 121, 287-91.

5) https://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/rapporter/hva-sier-forskningen-om-lekser/

6) https://innlandetfylke.no/tjenester/plan-statistikk-og-folkehelse/folkehelse/program-for-folkehelsearbeid/

7) Eigne tal