av Turid Grimsbø Snerle

Mandag 6. mai arrangerte Vågå Senterparti eit ope møte med skule på dagsorden. To lærarar frå barne og ungdomstrinna gav oss eit innblikk i kvardagen sin. Det var ein tankevekkar for oss frammøtte.

Som tidlegare politikar i HOKO var det interessant å få presentert denne sida av skulen, ellers er det mykje karaktersnitt og elevtal vi får framlagt.Eg sitt att med eit inntrykk av at lærarane har ein kvardag med mykje glede men òg med utfordringar.

Det er utfordringar som får lite tid i skuledagen og for lite respekt. Å ha for lite tid til å gjere ein god jobb er ingen god følelse. Det som stjel mykje av tida er rapportering og skjemavelde samt konfliktløysing blant elevane. Dei ynskjer seg meir tid til det som er jobben deira; undervisning.

Å mangle respekt og lojalitet frå det som blir fleire og fleire ungar og foreldre er dessverre eit samfunnsproblem. Elevane har alle rettar på si side og foreldra stiller seg ofte bak. Slik blir lærarane ståande åleine og makteslause og fleire kan velge seg bort frå yrket. Det er vår store utfordring! Heldigvis sa dei at dei var kjempeglade i jobben sin og følte stor glede av å sjå meistring blant dei unge. Skulen i Vågå er bra pr i dag og vi må ta godt vare på alle gode lærarkrefter vi har. Lærarar skal ta seg av det faglege – oppdragelse og folkeskikk får jaddi vi foreldre og besteforeldre sørge for. Så får vi gje lærarar tilbake den status dei fortener – eg har ofte føysa med at dei har mykje fri/avspasering – men jammen fortener dei det!