Løpet for rullestolbrukarar er 10 kilometer langt og vart arrangert like før Oslo maraton.

– Ei artig oppleving! Men eg kom jælma langt etter han som vann, altså. Han såg eg berre nokre sekund rett etter start, og borte var han, ler Karin.

Ho har aldri vore med på liknande løp før, men nå vedgår Karin at ho har fått litt «blod på tann».

– Nå skal eg heim og trene meir. Det er jælma motiverande å ha noko å trene mot.

– Korleis var det å vera på premiutdelinga?

– Det var rart. Eg har faktisk aldri vore på premieutdeling i heile mitt liv, eg, så nå pratar du ikkje akkurat med ein idrettsutøvar med lang erfaring frå sigerspallen, skrattar alltid like blide Karin.