Fylkesmannen i Oppland var nyleg på tilsyn i avdelinga for miljøarbeid i Lom kommune, eit tilsyn der det vart sett på korleis kommunen sikrar tildeling av tenester etter lova, korleis kommunen sikrar utføring av desse tenestene utan bruk av tvang og makt og korleis kommunen sikrar gjennomføring av planlagde tiltak.

Og resultatet? Absolutt ingen avvik. Alt er på stell.

– Ingen merknad, ingen avvik. Det skal vi feire her i dag, med kaffi og marsipankake. Eg set jælma stor pris på at det blir jobba så godt. Det er inga hjelp i gode system dersom dei tilsette ikkje følgjer opp. Tilsynet var omfattande, og det er stas at absolutt alt var i orden. Takk til kvar og ein av dykk! roste avdelingsleiar Ann Mette Fjeld Hoft da ho orienterte dei tilsette om konklusjonane etter tilsynet.

– Fylkesmannen i Oppland likte svært godt det dei såg, og det gav dei uttrykk for. Nå skal vi stå på vidare og gjera det like bra ved neste tilsyn, sa ho.